Avkøyrsle til/frå offentleg veg

Endring av avkøyrsle, ny avkøyrsle eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsle frå offentleg veg krev særskilt løyve.

Er vegen kommunal, blir spørsmålet om avkøyrsle behandla i lag med delings- eller byggesak. Gjeld det avkøyrsle frå fylkesveg eller riksveg, må det sendast søknad til Statens vegvesen.

Ved godkjenning av avkøyrsle blir det stilt krav til geometrisk utforming og frisiktsoner. Konkrete krav vil variere ut frå trafikkmengde og dimensjonerande fart på vegen.

Kontaktperson teknisk avdeling:

Kontaktperson: Avd. leiar Arne Mykland, tlf 97 99 10 53