Offentleg avløpsanlegg - separate avløpsanlegg

Det er tilkoplingsplikt til offentleg avløpsanlegg der det ligg slikt leidningsnett eller anlegg i nærleiken. Autoriserte røyrleggjar skal utføre alt arbeid i samband med tilkopling til offentleg leidningsnett.

Kommunen gjennomfører årleg avløpssanering der eksisterande separate avløpsanlegg blir kopla til det kommunale leidningsnettet.

Separate avløpsanlegg kan godkjennast i spredtbygde område. Plan skal utarbeidast av fagkunnig. Totalbelastinga på resipient skal vurderast.


Det er tre løysingar som kan godkjennast:

1. Slamavskillar og infiltrasjon. Dette forutsett rett samansetning av massene i grunnen, og ikkje for bratt terreng.
2. Slamavskillar og utløp til minst 2 meter djupne i sjøen.
3. Minireinseanlegg med utløp til elv med stor nok årssikker vassføring.

Frå 01.01.2007 kan ikkje dei mykje brukte sandfiltergrøftene lenger godkjennast, då styresmaktene har skjerpa inn krav til reinsing.

Slamavskillar blir tømt kvart 2. år.

Kontaktperson:

Avd. leiar Per Ove Fossheim, tlf 975 70 583.