Deling av eigedom

Deling av eigedom er alltid søknadspliktig etter plan- og bygningslova og i nokre tilfelle også etter jordlova. Grunneigar kan normalt søkje sjølv. Større endringar av landbrukseigedomar bør normalt fremjast for jordskifteverket.

Ein komplett søknad skal alltid innehalde utfylt søknadsskjema, situasjonsplan (kartutsnitt) der ny tomt eller tomteendring er teikna inn og kvittering for nabovarsling. Dersom delinga vil vere i strid med kommuneplan eller reguleringsplan, må det i tillegg leggjast ved ein grunngitt søknad om dispensasjon frå planen. Der deling fører til endra avkøyrsle frå riks- eller fylkesveg, skal det leggjast ved løyve frå Statens vegvesen. Der ny tomt krev ny eller endra avløypsløysing, skal avløpsplan/søknad om utsleppsløyve leggjast ved.

Kommunen sender søknader om dispensasjon frå bygge- og deleforbod i LNF-område i kommuneplanen på høyring til fylkesmannen og fylkeskommunen. Etter høyringsfrist har kommunen ei tretrinns-behandling: 1 deling etter jordlova, 2 dispensasjon frå kommuneplanen, 3 deling etter plan- og bygningslova.

Kommunen har felles skjema for deling av eigedom og rekvisisjon av oppmålingsforretning. Dersom begge delane i skjemaet er fyllt ut, vil eit delingsløyve bli følgt opp av oppmålingsavdelinga i kommunen. Søknadsskjema frådeling. (PDF, 180 kB)