Planlegg du utviding av eksisterande bygning?

Tilbygg er ei utviding av ein eksisterande bygning si grunnflate, og blir plassert ved sida av eksisterande bygg. Påbygg blir plassert oppå eksisterande bygg.

Du må søkje ved hjelp av fagfolk:

  • Samla bruksareal eller bebygd areal i tilbygget er over 50 m2
  • Påbygg uansett storleik

 

Du kan søkje på eigahand dersom:

  • Samla bruksareal eller bebygd areal i tilbygget er under 50 m2

Reguleringsplan eller kommuneplan kan sette begrensingar som gjer at du anten ikkje kan bygge som du har tenkt, eller at du må søkje om dispensasjon frå planen. Ein dispensasjonssøknad skal ha særskilt grunngjeving.

Søknadsskjema

Du treng ikkje søke dersom:

  • Tilbygget er under 15m2, står på bakken, er berre ein etasje og ikkje skal nyttast som bustad, kontor eller liknande.
  • Avstand til nabogrense er minst fire meter (for tilbygg til bustadhus) eller 1 meter (for tilbygg til garasje/uthus) For garasje/uthus gjeld i tillegg at samla areal ikkje blir større enn 50m2.
  • Det ikkje ligg begrensingar i reguleringsplan, kommuneplan, veglov eller anna som gjer at du ikkje kan bygge.

Sjekk eventuelt grundigare vegleiing på Direktoratet for byggkvalitet si heimeside