Vil du byggje platting, terrasse, veranda eller balkong?

Terrassar og plattingar som ikkje er høgre enn 0,5 meter over bakken er ikkje søknadspliktige, uavhengig av om dei er frittliggjande eller som del av hovudbygning. Slike terrassar er heller ikkje omfatta av kravet til minst 4,0 meters avstand til nabogrense, og inngår ikkje i berekning av utnyttingsgrad for tomta. 

Du må normalt søkje ved hjelp av fagfolk dersom:

  • Veranda/balkong er høgre enn 0,5 meter over bakken og større enn 50m2

 

Du kan søkje på eigahand dersom:

  • Veranda/balkong er meir enn 0,5 meter over bakken, og mindre enn 50m2. Merk at veranda/balkong inngår i bebygd areal på tomta, og sjekk utnyttingsgraden i reguleringsplanen!

Søknadsskjema

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Terrassen ikkje er meir enn 0,5 meter over bakken. Dette er ikkje å rekne som eit tiltak etter plan- og bygningslova, og har i utgangspunktet ingen begrensingar.
  • Veranda/balkong er under 15m2 og er meir enn 0,5 meter over bakken. Den skal vere minst 4 meter frå nabogrense. Sjekk reguleringsplan for eventuelle begrensingar. Overstig du utnyttingsgraden på tomta må du likevel søkje!