Vil du gjere terrenginngrep eller bygge støttemur?

Terrenginngrep omfattar både uttak, fylling, planering og bygging av støttemurar, og blir ofte gjennomført som del av andre byggetiltak. Terrenginngrep skal framgå av situasjonsplan og bør visualiserast med terrengsnitt. Sjekk reguleringsplan slik at ikkje tiltaket kjem i konflikt med frisiktsone i vegkryss eller liknande.

 

Mindre terrenginngrep er ikkje søknadspliktige:
I område for rekkjehus eller tilsvarande må opphaveleg terreng ikkje bli endra meir enn 0,5 meter, medan det i andre tettbygde strøk ikkje kan vere større endring enn 1,5 meter. I område med spreidd utbygging kan avviket som utgangspunkt vere inntil 3,0 meter. Avstanden frå fyllingsfoten til nabogrense må uansett vere minst 1,0 meter.

Sjølv om endringa er innanfor grensene ovanfor, kan tiltaket likevel vere søknadspliktig, dersom inngrepet er vesentleg ut frå måten det er utført på, området det er plassert i og verknadane endringa kan ha. Kontakt kommunen dersom du er i tvil.

Andre typar mindre gravearbeid, slik som derenering og graving for kablar, er ikkje søknadspliktig. Det same gjeld graving i samband med reparasjon av slike anlegg.

Mindre støttemurar er ikkje søknadspliktige:
Støttemur inntil 1,0 meter høgde som er minst 1,0 meter frå nabogrensa eller inntil 1,5 meter høgde minst 4,0 meter frå nabogrensa er ikkje søknadspliktig.

Søk ved hjelp av fagfolk når:

  • terrenginngrepet er meir omfattande eller går over grensene for ikkje søknadspliktig. Merk at tiltak heilt inn til nabogrensa også krev nabosamtykke.
  • støttemuren ligg nær nabogrensa eller er høgare enn grensene for ikkje søknadspliktig. Merk at tiltak nær nabogrensa også krev nabosamtykke.