Skal du rive?

Riving av bygg og anlegg er søknadspliktig etter plan- og bygningslova i same utstrekning som oppføring av tilsvarande bygg/anlegg vil ha vore det. Det er Byggesaksavdelinga som handsamar søknaden. 

Ver merksam på at dersom du skal byggje opp att / gjenreise noko på den plassen du har rive, føl det tiltaket du skal gjenreise dei vanlege reglane om søknadsplikt. Dette gjeld sjølv om det du gjenreiser er plassert på rivingstomta, og har same storleik som det du reiv.

Krev tiltaket dispensasjon etter lov/føresegn eller planar for området, må du søkje om dette. Sjølv om det er snakk om ei gjenreising av det gamle bygget/anlegget, er det ikkje automatikk i at dispensasjon vert gjeve.

Du må søkje ved hjelp av fagfolk dersom:

Det som krev oppføring ved hjelp av fagfolk, må også rivast ved hjelp av fagfolk.

Du kan søkje på eigahand dersom:

Det som kan oppførast utan hjelp av fagfolk, kan du søkje om å få rive på eigahand.

Søknadsskjema

Du treng ikkje å søkje dersom:

Dersom tiltaket hadde vore unntatt for søknadsplikt ved oppføring, kan riving også skje utan søknad. Ver likevel merksam på at anna regelverk kan kome inn og krevje uttale frå andre offentlege instansar.