Vil du bygge landbruksbygg?

Det gjeld eigne reglar for kor stor utbygging ein sjølv kan stå ansvarleg for dersom det gjeld landbruksbygg. Landbruksbygg kan t.d. vere ein fjøs, eit lagerbygg eller ein landbruksgarasje. Hovudbruken av bygget skal vere landbruksrelatert.

 Du kan søkje sjølv:

Når bruksareal eller bebygd areal er mindre enn 1000m2. Dette gjeld også for tilbygg der samla bruksareal eller bebygd areal for eksisterande bygg og tilbygg er mindre enn 1000m2. Det kan vere ein fordel å avklare omdisponering av landbruksareal, eventuell naturfare og forhold til kulturminne i god tid før bygging er planlagt igangsett.

Når utbygginga er større enn grensene over må du søkje gjennom ansvarleg foretak.

 

Utbygging på støylsområde:

Støylsområda var tidlegare ein viktig del av gardsdrifta, og bygningane kunne reknast som landbruksbygg. Dette gjeld berre i liten grad i dag, då dei fleste støylsområda har hovudfunksjon som rekreasjonsområde. Med unntak av nokre få gardsbruk med aktiv støysdrift, viser vi til reglane for hytter og tilbygg.

Søknadsskjema