Vil du setje opp gjerde eller levegg?

Med gjerde vert meint plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typar rekkverk med en enkel, opne konstruksjon. 

Med levegg meiner vi ein tett skjerm som avgrensar innsyn og støy, og som gjev ly for vind. Levegg kan vere frittståande eller forbunden med ein bygning. 

Du treng ikkje å søkje dersom:

  • Det er snakk om eit ope og luftig gjerde som skilje i nabogrense.
  • Leveggen er inntil 1,8 m høg og maks 10 m lang og det er over 1 m til nabogrense eller inntil 1,8 m høg og maks 5 m lang og ligg inntil nabogrensa.

    Gjerde eller levegg må ikkje hindre sikt i frisiktsone.Vi anbefalar at gjerde/levegg blir sett opp i samråd med naboen. Sjekk eventuelt grannelova og grannegjerdelova.

     

Du må søkje ved hjelp av fagfolk dersom:

  • Leveggen er over 1,8 m høg / eller over 10 m lang.