Du kan under gitte føresetnader bygge uthus/garasje utan å søkje:
- Frittståande bygg med ein etasje inntil 50m2 på bustadtomt.
- Maks gesimshøgd 3 meter og mønehøgd 4 meter
- Minst 1 meter til nabogrense og 1 meter til anna bygning på tomta
- Ikkje i strid med reguleringsplan, kommuneplan, veglov eller liknande.
Direktoratet for byggkvalitet har gitt ut ein vegvisar som kan vere grei å gå gjennom for å sjekke om byggeplananen dine er friteke frå søknadsplikt Det skal sendast melding til kommunen når byggeprosjektet er ferdig.
Du må søkje ved hjelp av fagfolk dersom:
- Samla bruksareal er over 70 m2
- Garasjen/uthuset har meir enn ein etasje (kan ha kjellar)
Du kan søkje på eigahand dersom:
- Samla bruksareal eller bebygd areal er under 70 m2, men bygget er søknadspliktig.
- Garasjen/uthuset er på maks ein etasje (kjellar vert ikkje rekna som eigen etasje)
Søknadsskjema og informasjon finn du på: https://dibk.no/soknad-og-skjema/