Vil du endre fasaden?

Fasadeendring vil seie endring av ein bustad sine ytterveggar eller endringar på ein bygning sin utsjånad. Dette kan vere skifte av kledning, fasademateriale eller taktekkingsmateriale, skifte av vindauge eller dører, eller bygging av karnapp. 

Du må søkje ved hjelp av fagfolk dersom:

  • Bygget har ein særleg eigenverdi i bygningsmiljøet, og bygget sin karakter vert endra. Alminneleg forståing av kva som ligg i uttrykket "bygget sin karakter", er ofte knytta til stilartar
  • Endringar på bygg knytta til bestemt tidsepoke eller stilart kan ha vesentleg vekt for bygget sin eksteriørkarakter. Det vil seie at det same tiltaket, til dømes innsetjing av vindauge, kan vere søknadspliktig i eit tilfelle, men unntatt frå søknadsplikt i eit anna tilfelle, alt avhengig av bygget sin arkitektoniske eigenverdi

 

Ta kontakt med kommunen om du er i tvil.

 

Du treng ikkje å søkje dersom:

  • Utskifting, innsetjing eller fjerning av vindauge og dør, der bygget ikkje har ein særleg eigenverdi i bygningsmiljøet. Tiltaket må ikkje vere i strid med lovmessige krav til lys, rømming eller branntryggleik
  • Du kan dokumentere at fasaden også tidlegare har vore utforma på ein slik måte
  • Du skal skifte tak. Ver likevel merksam på at det kan vere søknadspliktig dersom det medfører at taket vert heva
  • For mindre endringar på verneverdige bygg, gjeld spesielle reglar. Ta i slike tilfelle kontakt med kommunen for å få avklart om det er søknadsplikt eller ikkje.