Vil du byggje bustadhus eller hytte?

Skal du byggje bustadhus, hytte eller anna bygg for varig opphald, må du ta kontakt med fagfolk som kan bistå i søknadsprosess, prosjektering og gjennomføring.

Byggesaksavdelinga får av og til spørsmål om kor mykje eigeninnsats det er lov å gjere på eigen bustad eller hytte. Det er i utgangspunktet ingen begrensingar på dette, men alt arbeid skal vere ansvarsbelagt og skal utførast i samsvar med plan- og bygningslova og byggeforskriftene. Det er mogleg å søkje som sjølvbyggar for eit eller fleire fagfelt dersom ein kan dokumentere faglege kvalifikasjonar, men vi anbefalar heller at seriøse firma står ansvarlege og at ein avtaler eventuell eigeninnsats med dei. Byggesaksforskrifta og byggteknisk forskrift finn de på Direktoratet for byggkvalitet si heimeside