Skal du endre bruk?

Skal du bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag? Ønskjer du å gjere loftet eller kjellaren om til soverom eller stove? Eller ønskjer du å gjere kontoret om til bustad? Dette vert kalla bruksendring.

Bruksendring er når bruk, formål eller funksjon vert endra i høve til den bruken som allereie er tillaten. Det skal takast omsyn til kva slags formål reguleringsplanen stiller opp, og det skal takast omsyn til omgjevnadane, slik som trafikk, opningstider osv. Du må alltid søkje om bruksendring. Hugs at det vert stilt krav til bukvalitet. 

 Du må søkje ved hjelp av fagfolk dersom:

  • I samband med etablering husvære/leilegheit eller sekundærhusvære (ny bustadeining, til dømes til utleige)
  • Endring av bruk (til dømes frå kontor til bustad eller frå bustad til forretning)

Norsk Kommunalteknisk Foreining har gitt ut ei eksempelsamling som gjeld tekniske krav ved tiltak på eksisterande bygg, som vil vere nyttig å sjå gjennom før ein søkjer om bruksendring.

 

Du kan søkje på eigahand dersom:

  • Du skal ta i bruk bod eller vaskerom til soverom, stove eller liknande (endre frå tilleggsdel til hovuddel) innanfor eksisterande husvære/leilegheit eller branncelle
  • Dette må ikkje innebere at det vert utført søknadspliktig tiltak i berande konstruksjonar