Innbyggjarvarsling

Gloppen brukar varslingsystemet Varsling 24 - klikk for alltid oppdatert informasjon

Varsling 24 sender ut sms, e-post og talemelding til fasttelefon. Melding vert sendt ut til alle innbyggarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift. 

Systemet er integrert mot eit kartsystem som gjer at vi kan varsle alle som bur innan eit geografisk område, eller heile kommunen

Kommunen informerer innbyggarane digitalt ved hendingar der det er hensiktsmessig. Det kan være ved koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering, vaksinasjon, andre generelle servicemeldingar eller hendeingar som krev rask informasjon til alle innbyggarane.

Varsling24 gjer oppslag i fleire register, blant anna Folkeregisteret, kommunen sitt eigedomsregister og kontaktregisteret for offentleg forvaltning. I tillegg har Varsling24 eit tilleggsregister der dei som har telefon, men som ikkje er registrert i kontaktregisteret kan registrere seg. 

Sjekk om du står i registeret!

For å kunne nå alle som bur fast eller midlertidig i Gloppen kommune, oppfordar vi om at alle sjekkar sine opplysningar: Bruk denne lenka for å sjekke dine opplysningar: www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon (her loggar du inn med bank-id eller minId - og sjekkar dine data)

Om du ikkje er registrert i det offentlige kontaktregisteret, bruk www.varslemeg.no, logg deg på med ditt mobilnummer og legg inn riktig telefonnummer på riktig adresse.

Korleis virkar varslinga?

Du mottek meldingane som SMS til mobiltelefonar.
Fasttelefonar vert varsla med ei automatisert talemelding, på slutten av meldinga blir du bedt om å taste 1 for å bekrefte at du har motteke meldinga, eller 0 dersom du vil høyre meldinga på nytt. 

Eg har hemmelig nummer - blir eg varsla?

Varsling24 varsler ikkje til hemmelige nummer, men du kan velge å legge inn nummeret i tilleggsregisteret, og krysse av for "Hemmelig nummer"

Fleire adresser?

Systemet gjer det mogleg å motta varslingar for fleire adresser enn di eiga bustadadresse. Du kan for eksempel få varsel frå arbeidsplassen din, barnas studentbustad, foreldre sin bustad eller ein fritidseigedom. Dette gjer du enkelt ved å legge til ein "Tilleggsoppføring" på www.varslemeg.no.