Feiing og brannsyn i bustader i Gloppen

Etter sentral forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn skal kommunen syte for feiing etter behov, men likevel minst ein gong kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, blir i praksis bestemt av feiaren saman med huseigar.

Tilsyn med fyringsanlegg og anna som har noko å seie for brannsikringa av bustaden, såkalla brannsyn, blir gjennomført kvart fjerde år.

Heimel for å krevje gebyr for både feiing og tilsyn går fram av § 28 i brannlova. Gebyret omfattar ordinære feie- og tilsynsoppgåver. Eventuelt andre tenester som skal utførast av feiaren, skal fakturerast etter gjeldande takstar for uteseksjonen i kommunen.

Betaling for feiing og tilsyn er delt i to: eit feiegebyr og eit tilsynsgebyr. Ordninga skal vere sjølvfinansieringa, d.v.s. at kommunen samla sett ikkje kan krevje inn meir i gebyr enn det kostar å drive feiing og tilsyn.

Rekning på feiing og tilsyn blir sendt ut årleg og fungerer slik at viss du har feiing annakvart år, får du årleg rekning på 1/2 gebyr. Blir det feia kvart fjerde år, er årleg rekning på 1/4 gebyr. Sidan tilsyn blir gjennomført kvart fjerde år, får du 1/4 tilsynsgebyr kvart år.

Storleiken på gebyra er bestemt ut frå berekna tidsforbruk. Feiesesongen er frå mars til oktober, og alle skorsteinar som er i bruk, skal feiast. Fritidsbustader kan feiast etter behov.

Dersom huset står tomt eller pipa/pipene er avstengde, kan du søkje om fritak for gebyret, bruk vårt elektroniske skjema som du finn her.

---

Kommunen sin feiar er Arild Nes, tlf 917 36 617.