Brannvern og brannvesenet i Gloppen

Varsling om brann skal meldast på tlf 110.

Dersom du treng å kontakte brannvesenet i Gloppen i andre samanhengar enn å varsle om brann, er nummeret til vakttelefonen 913 85 222.

Brannberedskap
Gloppen kommune har brannstasjonar i Hyen, Byrkjelo og Sandane.

Byrkjelo:
- 12 brannmannskap
- 2 brannbilar.

Hyen:
- 10 brannmannskap
- 2 brannbilar
- 1 redningsbil.

Sandane:
- 20 brannmannskap
- 2 brannbilar
- 1 redningsbil
- 1 tankbil.

Gloppen Brann og Rednig er organisert som deltidsbrannvesen og er tilknytt teknisk avdeling.

Melding om brann blir motteke av 110-sentralen i Florø, men dersom du treng å kontakte det lokale brannvesenet om andre ting, er nummeret til vakttelefonen 913 85 222. Slike ting kan vere:
- varsel om mindre akutte hendingar
- løyve til bålbrenning om sommaren (15 april - 15 september).

Brannvesenet er også innsatspersonell ved andre ulykker som trafikkuhell, akutt forureining, redningsaksjonar o.l.

Førebyggjande brannvern
Brannvesenet utfører kontroll og tilsyn i bygningar som er underlagt spesielt brannsyn etter brannlova § 13. Brannteknisk byggjesaksbehandling blir utført av teknisk kontor.

Brannvesenet deltek årleg på øvingar i lag med skular, institusjonar og private bedrifter.

Ansvarleg personell på teknisk kontor er:
- Brannsjef Runar Kleppe, tlf 950 32 499.
- Branningeniør Arne Mykland, tlf 979 91 053.