Reguleringsplanar

Reguleringsplanar er arealplanar laga på grunnlag av plan- og bygningslova kapittel 12 (§§12-1 til 12-15).

Dei fleste gjeldande reguleringsplanane i Gloppen ligg føre på digitalt format, og er tilgjengelege gjennom nettbasert kartløysing, ved å velge plankart i staden for grunnkart som kartlag. Planoversikt, større og mindre endringar, scanna originalkart, tekstdokument og føresegner er tilgjengeleg i digitalt planregister.

Reguleringsplanane fastset på kart utforming av t.d. byggeområde, trafikkområde og friområde. Reguleringsplanar skal i tillegg til kartet ha ein tekstdel med orientering om planområdet og relevante forhold, og juridisk  bindande reguleringsføresegner som t.d. fastsett omfang av utbygging og krav til utforming av trafikk- og friområde.

Gjeldande planar i Gloppen kommune er frå ulike tidsepokar som har hatt ulike krav til innhald og detaljeringsgrad. Ein del eldre planar manglar element som det er krav om i dagens planar.

Nye utbyggingstiltak må i hovudsak baserast på gjeldande plan eller det må utarbeidast ny plan før utbygging. Planar blir dels utarbeida av kommunen og dels av private grunneigarar eller utbyggarar.


Det politiske ansvaret for plansaker i Gloppen er delt. Formannskapet har ansvar for overordna planlegging, og MULTEK-utvalet tek seg av reguleringsplanar.

Publisert av Bjørn Aurlien. Sist endra 17.01.2017