Etter at kommunen har gjeve løyve til deling av eigedomen, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.
Etter at parsellen er frådelt og har fått sitt eige gards- og bruksnummer, er det eigar av avgjevareigedomen som står som eigar av den nye eigedomen også. Dersom du ønskjer å føre over den nye eigedomen til ein annan, må du fylle ut eit skøyte. Her finn du skøyte til utfylling.
Les meir om å tinglyse eit eigarskifte hos Kartverket.