Dersom konklusjonen blir at du må søkje om løyve, ligg her også ein god vegvisar om korleis du skal søkje. Det vil vere lurt å starte med å finne ut om du kan søkje sjølv, eller om du treng hjelp av fagfolk, av ein såkalla ansvarleg søkjar.
Du finn komplett oversikt over kva du kan søkje om sjølv i byggesaksforskrifta §3-1 https://dibk.no/regelverk/sak/2/3/3-1/ , med unntak av landbruksbygg som har eigne reglar i §3-2. Hugs at det er du som er tiltakshavar som har hovudansvaret for at reglane blir følgt. Er du framleis i tvil eller berre syns alt dette er heilt uforståleg, anbefaler vi at du tek kontakt med byggefirma som kan vegleie og hjelpe til med søknad sjølv når du har lov å søkje sjølv.
Kart
Uansett kva du planlegg å bygge, vil du ha behov for kart. I første omgang for å sjekke kva slags plan som gjeld for eigedomen, og etter kvart kanskje også for å skrive ut eit situasjonskart. Du finn kart på https://kommunekart.com/klient/gloppen/publikum . Klikk på eigedomen din og sjekk informasjonen som kjem opp. Bruk gjerne også menyknappen for å sjekke ut dei ulike funksjonane, og slå av og på dei ulike kartlaga som er tilgjengelege.
Kontaktpersonar i kommunen
Torbjørn Brandsæter og Bjørn Aurlien