I «Planstrategi for Gloppen kommune 2016 – 2020», som vart vedteke i kommunestyret juni 2016, er samspel og alliansebygging ein av fem satsingsområde.
Eit mål for dette satsingsområde er at kommune, næringsliv og lag og organisasjonar tek ansvar i lag for å skape utvikling, trygge og inkluderande lokalsamfunn.
Ein viktig strategi for å oppnå utvikling i dei ulike lokalsamfunna og i kommunen, er legge til rette for eit tettare samarbeid med utviklingslaga i kommunen.