Gloppen kommune vart i juni 2016 godkjent som ein Trygge lokalsamfunn-kommune. Satsinga handlar om å utvikle eit forpliktande, tverrsektorielt samarbeid omkring førebygging av skader og ulykker.
Satsinga er ei kontinuerleg utvikling og formalisering av eit samarbeid mellom offentleg-, privat- og frivillig sektor.
Hausten 2015 vart sett ned ei Fokusgruppe, med representantar frå alle dei kommunale sektorane. Dei fekk i oppdrag og utarbeidet eit oversiktsdokument (helseoversikt) – «Utfordringsdokument 2015 – faktorar som påverkar helse og trivsel i Gloppen» . Kommunestyret vedtok februar 2016 at dokumentet skal leggast til grunn for arbeidet med kommunen sin planstrategi og anna planarbeid i perioden. Sjå saka her (14/668)
Med utgangspunkt i dei utfordringane som er omtalt i dokumentet, gjorde kommunestyret 25.april 2016 vedtak om følgjande satsingsområde for kommunestyre-perioden:
1. Trygg i trafikk
2. Rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid
3. Psykisk helse
4. Trygge eldre
5. Ulykker i landbruket
I samband med kampanjen "Av med sekken på med beltet" vart det laga ein filmsnutt av medieelevar frå Gloppen ungdomsskule