Trygge lokalsamfunn - Gloppen er med!

I dag hadde vi offisiell markering av at Gloppen er blitt ei Trygg lokalsamfunn-kommune. Vi feira saman med alle barnehagane i Gloppen. 

Markeringa starta med at alle barnehagane stillte opp i tog på heradsplassen. Sandane og Breim skulekorps sytte for flott korpsmusikk fremst i toget, også det store drillkorpset til Sandane skulekorps var med, og gjorde stemninga komplett! Toget masjerte gjennom sentrum og enda ved Stilstova. Der fekk barna varme pølser, og det var formannskapet i Gloppen som hadde ansvaret for å dele ut pølser til alle. Med kald nordavind i ryggen smakte det godt med varme pølser!

Eva J. Vaagland i Skadeforebyggande forum overrekte Trygt lokalsamfunn-flagg og skilt til Ordførar Leidulf Gloppestad. Ho minte også alle barna på at dei spelar ei viktig rolle i det å vere ei Trygge lokalsamfunn-kommune, fordi dei kan minne alle dei voksne 

Til slutt delte Audun Heggestad frå Trygg Trafikk og lensmann Nils Ove Roset ut gåvepakkar til alle barnehagane - desse inneheldt flotte og fargerike refleksvestar til alle barna og dei vaksne - merka med barnehagen sin eigen logo på ryggen. 

Totalt i Norge er det no 28 kommuner som er godkjende som Trygge Lokalsamfunn, Gloppen er den fyrste i Nordfjord.