Trafikksikker kommune – på veg mot godkjenning

Gloppen kommune har starta sin prosess fram mot godkjenning som «Trafikksikker kommune». 15.november hadde kommunen besøk av Audun Heggestad frå Trygg trafikk i fylket og Harald Heieraas, ansvarleg for «Trafikksikker kommune»  sentralt. Dagen var sett av til sektorvis informasjon om ordninga, og rettleiing i korleis kome i gang. Klikk for stort bileteGloppen har starta prosessen for å bli ei trafikksikker kommune Beate Kornberg
 

Gloppen kommune vart i juni 2016 godkjent som ein «Trygge lokalsamfunn» - kommune, og markerte dette 8.mai 2017 gjennom å sett fokus på barnehagane i Gloppen sitt viktige trafikktryggingsarbeid. I etterkant av markeringa vart barnehagane i Gloppen godkjente som trafikksikre barnehagar, med kvar si markering. «Trygg i trafikk» er ein av fem satsingsområde i kommunen sitt «Trygge lokalsamfunn»-arbeid som vart vedteke av kommunestyret i april 2016.

I «Fylkeskommunal handlingsplan for trafikktrygging 2018 – 2021» (som no har lagt ute på høyring),  er det eit mål at alle kommunane i fylket skal ha starta prosessen fram mot å bli godkjent som «Trafikksikker kommune» ,  og at 10 kommunar i Sogn og Fjordane skal bli godkjent, i løpet av  planperioden.

Nå er det opp til dei aktuelle einingane og sektorane å dokumentere deira rutinar opp imot trafikksikring, i tråd med kriteria. Gjennomgangen 15.november viste at det meste alt er på plass i dei ulike einingane. Koordinator for Trygge lokalsamfunn-satsinga vår, Beate Kornberg, er ansvarleg for å leie arbeidet og sende dokumentasjonen inn til Trygg trafikk. Planen er at vi skal sende vår søknad om godkjenning i god tid før 8.mai 2018. Då er planen å markere at vi er godkjent som ein «Trafikksikker kommune». Så merk dykk datoen!