Gloppen inn i nasjonalt samarbeid for alkovett

AV-OG-TIL er ein organisasjon som arbeider for alkovett i befolkninga. Torsdag signerte ordføraren ein samarbeidsavtale med AV-OG-TIL. Kommunen blir no ein del av eit nettverk med meir enn 50 kommunar som alle arbeider for betre alkovett. Frå før av har fem kommunar i Sogn og Fjordane inngått samarbeidsavtale, mellom anna Selje og Jølster.

 

Gloppen er blitt AV-og-Til kommune. des 2017 - Klikk for stort bileteGloppen er blitt AV-og-Til kommune. des 2017 Jan Kåre Fure Gloppen er blitt AV-og-Til kommune. des 2017 - Klikk for stort bileteGloppen er blitt AV-og-Til kommune. des 2017 Jan Kåre Fure

 

Folkehelsekoordinator Åslaug Haugset blir kommunen sin AV-OG-TIL-koordinator, og vil leie arbeidet i lag med rusfagleg forum.

Rusfagleg forum, ordførar og rådmann var til stades under signeringa, og fekk ei orientering om arbeidet organisasjonen driv, av rådgjevar Marte Sletten som signerte avtala på vegne av AV-OG-TIL.

AV-OG-TIL er ikkje ein fråhaldsorganisasjon, men driv haldningsskapande arbeid for godt alkovett i samfunnet. Alkovett er å reflektere over korleis eige alkoholinntak kan påvirke ein sjølv og andre, og ta valg på bakgrunn av dette. Derfor driv AV-OG-TIL fleire kampanjar gjennom året, der dei set fokus situasjonar der vi bør tenkje oss ekstra godt om når det gjeld alkohol. Kommunen vil no få tilgang til materiell, verktøy og støtte i det alkoholførebyggjande arbeidet. Les meir om det å vere AV-OG-TIL-kommune her: http://avogtil.no/lokalt

Akkurat no set AV-OG-TIL fokus på julefeiringa.

Jula skal vere barna si høgtid, men samtidig er desember den månaden vi drikk mest alkohol. For nokre barn kan det verke utrygt eller ekkelt når vaksne drikk. Vi veit at 90.000 barn veks opp i heimar der minst ein av foreldra har misbrukt alkohol det siste året. Difor må vi tenke over «kor mange glas tole barnet mitt?», seier Elise Nyborg Eriksen, fungerende generalsekretær i AV-OG-TIL.

https://www.orsta.kommune.no/nyhendearkiv/orsta-kommune-skal-jobbe-malretta-med-alkovett.51797.aspx

https://avogtil.no/artikler/slik-kan-barna-oppleve-voksnes-drikking-julen/

Av og Til - Klikk for stort bileteAv og Til