Gloppen godkjent som fylket sin andre «Trafikksikre kommune»

Trygg trafikk - Klikk for stort bilete Nøyaktig eit år etter markeringa av Gloppen kommune si godkjenning som eit «Trygt lokalsamfunn», der barnehagane sitt systematiske trafikktryggingsarbeid i Gloppen vart sett i fokus, vart Gloppen i går godkjent som ein «Trafikksikker kommune».  

Dette betyr at kommune har levert dokumentasjon på korleis dei ulike sektorane i kommune tek tema trafikktryggleik på alvor, gjennom interne rutinar og i samarbeid med andre aktørar. Markeringa fann stad på Gloppen hotell tysdag 8. mai.

I forkant av markeringa hadde Harald Heieraas frå Trygg trafikk ein gjennomgang av innsendt dokumentasjon frå dei aktuelle sektorane og einingane, for frammøtte leiarar, folkehelsekoordinator, hovudverneombod, rådmann og ordførar. Einingane fekk mykje skryt for måten dei jobbar på og korleis dei har valt å løyse utfordringar knytt til trafikktryggleik i si eining, og måten dei har dokumentert dette på. Både fylkeskommune si samferdsleavdeling og fylket sitt trafikktryggingsutval var med på gjennomgangen. 

Under sjølve markeringa bar nestleiar i fylket sitt Trafikktryggingsutval, Helen Hjertaas (AP) fram ei helsing til kommunen på vegne av utvalet og Trygg trafikk, og overrekte «Trafikksikker skule» - skilt til alle skulane og eit «Trafikksikker barnehage»- skilt til Hyen barnehage som den siste godkjente barnehagen i Gloppen. Desse vart teke imot av Margrethe Huus Fjellestad (Mona barnehage) og Marianne Kårstad Raad (Breim skule) som representerte barnehage og skule under markeringa. I tillegg fekk helsestasjonen, ved Gerd Heimsæter Aa, overrekt 200 barnevognsrefleksar som ei gåve frå Trygg trafikk. Desse er tiltenkt nyfødde glopparar dei komande 3 åra.  

Til sist fekk ordførar Leidulf Gloppestad overrekt «Trafikksikker kommune» - skiltet og haldt ei lita takke- og skrytetale, før han fekk i oppdrag å sprette marsipankaka.  

Totalt i Norge er det no 73 kommunar som er godkjende som trafikksikre kommune, og i  Sogn og Fjordane er Gloppen den andre, etter Årdal.  

Dokumentasjon

Leitar du etter dei interne rutinene som er grunnlag for godkjenninga? Dei finn du her

Godkjenningsbrevet frå Trygg Trafikk kan du sjå her