Breim barnehage - Først ut i Nordfjord som trafikktrygg barnehage!

I dag, onsdag 27. april, fekk varaordførar, rådmann og koordinator for Trygge lokalsamfunn-satsinga i Gloppen gleda av å vere med på ei flott markering i Breim Barnehage. I fullt solskin og med ein flokk av lydhøre barn og vaksne, vart Breim barnehage godkjent som den første Trafikk-trygge barnehagen i Nordfjord.  

 

Klikk for stort bileteVaraordførar Hege Lothe og leiar i Breim Barnehage Anette Støyva monterer synleg bevis!

 

Distriktsjef Audun Heggestad i Trygg trafikk i Sogn og Fjordane var sjølvsagt til stades, og hadde med seg gåver til borna. Varaordfører Hege Lothe, fekk æra av å skru opp «Trafikktrygg barnehage-skiltet», som eit synleg bevis for alle besøkande i barnehagen. Deretter var det fest utandørs i vårsola, med marsipankake og andre godsaker.

Barnehagane i Gloppen har over tid hatt eit felles fokus på og engasjement for skade og ulykkesførebyggande tiltak overfor dei minste barna våre. Såleis er dei eit viktig bidrag i kommunen si satsing fram mot å bli godkjent som eit Trygt lokalsamfunn, der «Trygg i trafikk» er eit av 5 satsingsområda.

Vi gratulerer Breim barnehage som første mann ut i både Gloppen og Nordfjord! Nå venter vi spent på kven som vert den neste!  

Klikk for stort bilete

 

Klikk for stort bilete

Vil du vite meir om Trygg Trafikk si satsing på informasjon i barnehagane så finn du det her