Barnehagebesøk med fokus på trafikksikre barnehagar

I mai 2017 fekk alle barnehagane i Gloppen besøk av Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane. Målet med besøket var å skru opp eit synleg bevis på at alle barnehagane i Gloppen, med unntak av Hyen barnehage, nå er godkjent som trafikksikre barnehagar. Koordinator for Trygge lokalsamfunn-satsinga i Gloppen, Beate Kornberg var med begge dagane! I tillegg hadde var leiar i oppvekst-utvalet Bernt Reed med eine dagen og varaordførar Magni Aa Berge den andre dagen.

Barnehagane hadde lagt opp til ei enkel markering, og hadde valt å fokusere på ulike utfordringar i trafikken, og barna hadde masse å fortelje oss og vise oss. 

Vi starta måndagen med å treffe Hyen barnehage, som hadde teke seg ein tur inn til klatreparken. Der fekk vi overrekt refleksvestane og tatt ein prat om kriteria for å verte godkjent som trafikksikker barnehage.

Deretter gjekk turen til Vereide der vi besøkte Austrheim barnehage, Nordstranda barnehage og Bakkelidgrenda barnehage. Tysdagen besøkte vi Rygg barnehage, Nygård barnehage og begge avdelingane av Mona barnehage.  

Takk for at vi fekk kome på besøk, og takk for alt de hadde førebudd!