Områdereguleringsplan, Sandane sentrum

Høyringfristen er over, men du kan sjå planen slik som den var utlagd her.

Gjeldande reguleringsplan for Sandane sentrum er frå 1998. Mykje har endra seg på desse 20 åra, og det er behov for oppdatering og tilpassing til eit samfunn i endring. Særleg er klima- og miljøaspektet langt viktigare nå, og framlegget til områdereguleringsplan ber preg av dette. Så vil det gjerne vere delte meiningar om ein går langt nok eller for langt i forhold til dei premissane som er lagt for planarbeidet. 

For nokre eigedomar vil planen innebere ei vidareføring av dagens situasjon, medan planen for andre eigedomar kan innebere større eller mindre endringar. Gloppen kommune oppmodar alle som har eigedomar innafor planområdet til å sette seg inn i konsekvensane for sin eigedom, men oppmodar også om at grunneigarar, næringsdrivande og andre interesserte les gjennom heile planen, både tekstdel, reguleringsføresegner og plankart. Her skal vere tenkt ein heilskap som ein kan gå glipp av ved einsidig fokus på ein eigedom eller eit tema, men det er sjølvsagt lov å kome med synspunkt og merknader til det meste.

 

Sandane sentrum, tekstdel med føresegner

Saksutgreiing MULTEK-utvalet 23.08.2018

Planforslag august 2018 - del 1 (kart)

Planforslag august 2018 - del 2 (kart)

Flølokrysset (kart)