Kulturminneplan for Gloppen 2019-2029

Kulturminneplan for Gloppen blei vedteke av kommunestyret 28. august 2019. 

Planen er eit oppslagsverk og eit verktøy for å forvalte og ta vare på dei mange kulturminna i Gloppen.

Sjå planen her

Planen er blitt eit omfattande dokument, noko som har samanheng med at kommunen er rik på kulturminne. Når ein les i planen, beskriver kapittel 1 lover, reglar, støtteordningar, forvaltning og korleis kommunen vil jobba framover med kulturminne.

Dei andre kapitla er beskrivelse av kulturminne i kommunen fordelt på følgjande tema:
1. Fornminne
2. Kulturmiljø
3. Bygningar
4. Teknisk kulturminne
5. Samferdsle
6. Lause kulturminne
7. Immaterielle kulturminne 

Til slutt i planen er der ein handlingsplan som oppsummerar viktige tiltak innan kulturminnevern.

Kulturminneplanen er starten på eit meir systematisk arbeid med kulturminne i Gloppen. Planen gir ein status no, og er ikkje komplett i forhold til kulturminne som er viktige å ta vare på. Lista over kulturminne og kulturmiljø må slik sett supplerast kontinuerlig i åra framover.

Det er ei arbeidsgruppe som står bak planen med tekst og bilde. Dei som har delteke her er Anne Kristin Moe frå Nordfjord Folkemuseum, Sverre Folkestad frå sogelaget, Arne Eikenes tidlegare kommunetilsett og jobba med kulturminne, Jan-Kjetil Øygard tidligare kultursjef, og Birte Fossheim frå kommunen.

Har du innspel eller spørsmål om planen eller kulturminne – ta kontakt med Birte Fossheim på epost
birte.fossheim@gloppen.kommune.no eller mobil 924 77 248.

Klikk for stort bilete