Rusmiddelpolitisk handlingsplan for perioden 2016-2019

Etter § 1-7 d i alkohollova skal alle kommunane utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Planen skal m a seie noko om kommunane sin løyvepolitikk.

Planen for løyveperioden 2016-2019 vart vedteken av kommunestyret den 26. september 2016 (sak 077/16).

Sjå heile planen! (PDF, 2 MB)

Rusmiddelpolitisk del
Oppsummert fortel planen oss:

  • Gloppen kommune er ein middels norsk landkommune med forholdsvis lett tilgang på både legale og illegale rusmiddel
  • Etter at butikkane fekk løyve til å selje øl og etter at Vinmonopolet etablerte butikk på Sandane har omsetnaden av alkoholhaldig drikke auka vesentleg. Kor mykje som skuldast tetting av handelslekkasje og kor mykje som skuldast auka forbruk, veit vi ikkje
  • Gloppen er framleis ein skulekommune med mange unge hybelbuarar. Det medfører eit stort vertsansvar for mange aktørar med tanke på rus og rusmisbruk
  • Det er i gang svært mange tiltak i kommunen som enten direkte eller indirekte er rusførebyggande. Kommunen har eit breitt, frivillig organisasjonsliv med mange ulike tilbod til alle aldersgrupper. Men det trengst målretta satsing på tilbod til dei som ikkje finn seg til rette i nokon av dei eksisterande tilboda
  • Også i den samla kommunale organisasjonen er det mange rusførebyggande og rusavhjelpande tiltak på gang, men tilboda må samordnast gjennom styrking av det tverrfaglege arbeidet
  • Generell opplæringa på rusfeltet må prioriterast, særleg leiaropplæringa, og det må nedfellast rutinar som sikrar oppfølging og dokumentasjon på at denne planen og andre planar blir etterlevde.


Løyvepolitisk del
Dei viktigaste punkta i planen er:

  • Formannskapet har avgjerdsretten i enkeltsaker
  • Formannskapet er tillagt rolla som kommunalt kontrollorgan
  • Ikkje-betalt sals- og skjenkegebyr og uoppgjorte skatte- og avgiftsrestansar fører til at løyve ikkje blir gjeve/blir inndrege
  • Det er innført gebyr for ambulerande løyve og leøve for eit enkelt høve.


Formålet med planen
Formålet med planen er å gje retningslinjer for kommunen sin løyvepolitikk for perioden 2012-2016.

Innhaldet i planen er elles:
- Kommunen sin løyvepolitikk
- Gebyr for sal og skjenking
- Kunnskapsprøve om alkohollova
- Kontroll med sals- og skjenkeløyve
- Skjenking i kommunale bygg m m.

Kommunen har inngått avtale med Securitas om kontroll av sals- og skjenkestadene.