Ungdomsengasjement i Gloppen (UngEng) 2021-2025

Dette prosjektet er ein del av eit nasjonalt program for betre psykisk helse blant barn om unge. 12 kommuner i Vestland er med, mellom anna Stryn, Kinn og Luster.

Gloppen vart tatt opp i programmet i januar 2021. Då hadde May-Britt Sægrov (ungdomslos) og Åslaug Haugset (folkehelserådgivar) sendt inn søknad i fleire runder, og fått rettleiing i korleis dei måtte utforme prosjektplanen for å få vere med. Gloppen kommune har fått 3,14 mill fordelt på fem år, 20 % av dette er sett av til forsking og utvikling.

Colourbox  

Om du er nysgjerrig på andre kommuner sine prosjekt finn du info om dei her.

Hovudmål for prosjektet

Gjere ungdom i Gloppen betre i stand til å ta ansvar for si eiga helse, sin eigen kvardag og for lokalmiljøet sitt.

Delmål

  1. Ungdom i Gloppen blir betre rusta til å ta ansvarlege livsval gjennom auka kompetanse på, og medvit om, faktorar som fremjar god psykisk og fysisk helse.

  2. Ungdom i Gloppen skal lære seg verktøy og ha handlingskompetanse til å handtere medgang og motgang, samt personlege og praktiske utfordringar så godt som råd.

  3. Ungdom i Gloppen skal vere med å forme dei tiltaka som skal setje dei betre i stand til å meistre eige liv og kvardag, og vere med på å setje tiltaka i verk. Deira utfordringar – deira prosess – deira tiltak, med støtte og hjelp frå vaksne.

  4. Ungdom i Gloppen skal i møte med tilsette ved skular og andre teneste oppleve å bli tatt på alvor og utfordra som ein viktig ressurs, både i eige liv og i Gloppesamfunnet.

  5. Ungdom i Gloppen skal få erfaring med å samarbeide med tilsette og politikarar i kommune, frivillege og andre samfunnsaktørar om å utarbeide og iverksette tiltak dei sjølve tek initiativ til , og tiltak for å møte utfordringar som kjem fram i Ungdata.

  6. Ungdom i Gloppen skal oppleve at dei har reel makt og innflytelse på felt som er viktige for dei, og at dei kan påverke lokalmiljøet sitt ved å delta i lokaldemokratiet.

  7. Gloppen ungdomsråd skal representere ungdom i lokaldemokratiet, og ungdom i Gloppen skal vite korleis dei kan bruke ungdomsrådet i saker dei er opptatt av.

Organisering 

Åslaug Haugset var prosjektleiar i 2021, May-Brit Sægrov tok over i 2022. Åslaug held fram som sekretær for ungdomsrådet, og vil ha eit spesielt fokus på dei to siste delmåla. May-Britt har erfaring med ungdom og andre prosjekt innan psykisk helse, og vil fokusere mest på dei første måla, sjølv om alle måla og tiltaka sjølvsagt heng tett saman. Tim Neuenschwander ved Gloppen ungdomsskule har vore tilsett i 20 % stilling i prosjektet sidan hausten 2021. Han har eit spesielt fokus på elevmedverknad og dei tverrfaglege tema i fagfornyinga. Desse tre utgjer i lag med kommunalsjef for oppvekst prosjektgruppa. I tillegg vil det bli satt saman arbeidsgrupper for ulike tiltak. Her vil også ungdom vere representert. 

Tiltak så langt

2021 var eit innleiande år der vi jobba med ungdomsrådet, og med kartlegging gjennom Ungdata-undersøking og oppfølging av dette. Ungdomsrådet har i løpet av året utarbeida nytt reglement og nokre nye rutinar for arbeidet sitt. Dei har også begynt arbeidet med å gjere rådet meir kjent blant ungdom i Gloppen, og dei har deltatt på samlingar i regi av Vestland ungdomssråd for å lære meir om ungdomspolitikk, og for å utveksle erfaringar med andre ungdomsråd. Dei er med andre ord godt i gang, og har brukt det første året av prosjektet til å førebu rådet på den rolla dei skal ha vidare i tiltaksutviklinga i prosjektet.

Ungdomsrådet har også vore med å valt ut spørsmål til ungdata, og vore med i både planlegging og gjennomføring av opplegg på skulane for å arbeide med resultatet og stake ut vegen vidare i prosjektet. Dei var også med på Ungdata-dagen der ungdom, tilsette i kommunen, tilsette ved Firda VGS, kommuneleiinga, politikarar, frivillege og Korus Vest var samla for å jobbe med ungdata.

Både på opplegget ved Gloppen ungdomsskule og på Korus-dagen dagen vart det tydeleg at noko av det viktigaste å følgje opp etter ungdata er å få etablert ein ungdomsklubb på Sandane. Målgruppa er ungdomsskuleelevar. Like før jul 2021 søkte Gloppen kommune om midlar til møblar og utstyr som kan gjere mingleområdet i Trivselshagen kultur til ein egna stad for ein ungdomsklubb.

«Heilt sjef» – eit meistringskurs for ungdom starta opp som eit lågterskel gruppetilbod til ungdom som hadde behov for oppfølging.  Kurset kom i stand i eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune v/Firda VGS, Frisklivssentralen og psykisk helseteneste. Det tar utgangspunkt i eit opplegg frå Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring. Hovudtemaet er meistring av eigen livssituasjon og kvardag, ein viktig del av kurset er å formidle at det er normalt å kjenne på oppturar og nedturar. Dei som var med på kurset formidla i evalueringa at dette kurset er noko alle burde få vere med på, og ungdomsrådet støtta dette forslaget. UngEng-prosjektet legg vekt på at ungdom sjølv skal vere med å påverke tilboda.

Med dette som utgangspunkt er Heilt Sjef nå vidareutvikla til ein klassemodell for alle på VG2 på Firda VGS, og du kan lese meir om det her: 

Heilt sjef!   

 

Tiltak vidare

Ungdomsrådet kjem til å arbeide vidare med medverknad, både i lokalpolitikken generelt og i prosjektet spesielt, -for å nå målet om å gjere ungdom i Gloppen betre i stand til å ta ansvar for si eiga helse, sin eigen kvardag og for lokalmiljøet sitt. Dei har planer om å koble ungdom på framtidsverksstader, informere ungdom om Frifond, forvalte tilskot til tiltak i prosjektet og etablere ein tverrpolitisk arena for ungdom i Gloppen, Dei vil også fremje ein kandidat til Vestland Ungdomsråd, og etablere kontakt med dei andre ungdomsråda i Nordfjord. I tilegg vil dei vere med å jobbe med etablering ungdomsklubb. Ungdomsrådet skal halde fram med å gjere seg kjent blant ungdom, spesielt i forkant av val av nye ungdomsrådsrepresentantar, og vi må styrke linken mellom ungdomsråd og elevråd.

Eit av tiltaka som må følgast opp etter Ungdata-dagen er å få ut meir info til foreldre om temaet ungdom og alkohol. I tillegg må både skular og elevråd på bana for å følgje opp innspel som kom under ungdata-opplegga på skulane, og som kan tas tak i lokalt på kvar skule.

14. februar skal det vere kick-off for planlegging av ungdomsklubb på Sandane. Det må til ein betydeleg frivilleg innsats for å få på beina eit tilbod som kan stå seg over tid. På sikt er det eit mål å få ungdomsklubb i eit betre egna lokale, men no er det viktig å få til eit tilbod raskt. 

Tverrfagleg samarbeid med Firda VGS: Karrierelæring, livsmeistring og Heilt Sjef! 

Firda VGS har dei siste åra jobba aktivt med å kople fagfornyinga, då særleg teamet livmeistring og folkehelse, til det nye kvalitetsrammeverket for karriererettleiing (LINK). Karriereknappane blir aktivt brukt som eit verktøy både for lærarar og elevar. Ordpara i karrierknappane blir brukt for skape dialog og refleksjonar kring ulike dilemma ein står overfor i livet. Og vi såg raskt at det var mange fellestrekk og store samanhengar mellom Heilt sjef!-kurset og karriereknappane.  For å forsterke arbeidet skulen allereie er i gang med har vi valt å flette dette saman. Vi tenker det er viktig å bruke eit språk og verktøy som elevane allereie har kjennskap til og hjelpe dei til å sjå samanhengar.  I prosjektet ønsker vi også å sjå på om det språket og verktøyet som brukast her, kan nyttast i andre tilbod til ungdom, og om det kan vere overføringsverdi til grunnskulen.

Les meir om samarbeidet her

Les meir om karrierekompetanse og karriereknappane her

Folkehelseprogrammet fokuserer på forsking og utvikling. Jørund Walseth har skreve ein master om lærarar si erfaring med karriereknappane, den kan du lese her: