Faglege anbefalingar for utvikling av Sandane sentrum

FormannsKlikk for stort bileteDen Urbane Fjordlandsbyenkapet i Gloppen vedtok 8. juni 2017 å legge evalueringsrapporten frå parallelloppdraget for Sandane til grunn for det vidare arbeidet med utvikling av sentrum. Evalueringsrapporten er no tilgjengeleg på Norske arkitekters landsforbund si heimeside.

Kort om parallelloppdraget

Sidan januar har kommunen engasjert to fagteam til å kome med framtidsskisser og forslag til løysingar på framtidig utvikling av Sandane sentrum. Det har vore gjennomført 3 seminar med brei involvering, og 29. mars la fagteama fram sine sluttskisser. I samband med prosjektet har det vore ein evalueringskomite med fagpersonar som har vurdert dei to ulike fagteama sine forslag. Evalueringskomiteen stod fritt til å plukke dei løysingane dei hadde mest trua på for Sandane frå dei to forslaga, og har no laga ein evalueringsrapport med sine faglege anbefalingar til Gloppen kommune. Evalueringskomiteen har vore samansett av Maria Molden – leiar for gruppa (Arkitektgruppen CUBUS AS), Mona Steinsland ( Sogn og Fjordane fylkeskommune), Ann Kristin Nes (Statens vegvesen), Leon Bakkebø (Representantar frå lokalt næringsliv), Ola Sundt Ravnestad (Utbyggarrepresentant), Bernt Hauge (Grunneigarrepresentant Firda Billag), Knut Roger Nesdal (Gloppen kommune) og Birte Fossheim (Gloppen kommune). 

Kva skjer vidare

Gloppen kommune jobbar no vidare med områdereguleringsplan for Sandane sentrum. Nokre av forslaga frå evalueringsrapporten er godt gjennomarbeida og realistiske, medan andre treng meir bearbeiding før vi kan sei om det er muleg å gjennomføre. Utvikling og realisering av fjordlandsbyen Sandane er avhengig av samspel mellom mange aktørar, og kommunen vil vere ein pådrivar for god samhandling i arbeidet vidare.