Utvikling av Sandane sentrum

Det har dei siste åra vore jobba mykje med analyse og kunnskapsgrunnlag for korleis vi skal utvikle kommunesenteret Sandane framover.

I 2015 fekk kommunen ei sentrumsanalyse og flaumanalyse for Sandane. Begge desse analysane peikar på utfordringar for utvikling av Sandane sentrum, men gir oss lite framtidsskisser med forslag til løysingar.

I 2016 vart det difor bestemt at ein ville bestille eit parallelloppdrag med fokus på framtidsskisser og mulege løysingar for Sandane sentrum. Dette arbeidet hadde oppstart i januar 2017, og skal vere ferdig innan utgangen av mars. Parallelloppdraget legg vekt på brei involvering i prosjektperioden. Når prosjektet er ferdig, vil kommunen bruke dette som grunnlag for utarbeiding av områdereguleringsplan for sentrum. 

 
Publisert 22.01.2018
Den Urbane Fjordlandsbyen

Formannskapet i Gloppen vedtok 8. juni 2017 å legge evalueringsrapporten frå parallelloppdraget for Sandane til grunn for det vidare arbeidet med utvikling av sentrum. Evalueringsrapporten er no tilgjengeleg på Norske arkitekters landsforbund si heimeside.

Publisert 05.04.2017

Den 29. mars la fagteama Lala/Pushak og Haugen/Zohar/Asplan Viak fram sine mulege løysingar og framtidsskisser for Sandane sentrum. Dette var siste samling i parallelloppdraget, og fagteama avsluttar med dette sitt oppdrag for Sandane sentrum.

Publisert 09.02.2017
Dei to fagteama som deltek i parallelloppdraget for Sandane sentrum.

Den 16. januar fekk vi besøk av to fagteam som i perioden fram til april 2017 skal jobbe med framtidsskisser og gode løysingar for utvikling av eit attraktivt og berekraftig sentrum i Sandane.

Dei to fagteama som er engasjert er Lala/Pushak og Haugen/Zohar/Asplan Viak. På oppstartseminaret var det fokus på synfaring i Sandane sentrum, og møte med ulike aktørar som ei rolle i utviklinga av Sandane sentrum.