Samskaping i Gloppen

Samskaping er ein arbeidsmetodikk der personar med ulike ressursar, erfaring og kunnskap jobbar saman for å skape verdiar. Kommunestyret i Gloppen vedtok i april 2022 å etablere eit prosjekt over ein 3-års periode, der ein etablerar og testar ut praksis for samskaping i kommunen.

Opningsfest badebryggja på Reed - juni 2021. Eit samskapingsprosjekt mellom kommune, Reed utviklingslag, lokale entreprenørar/leverandørar og Gloppen sogelag. Birte Fossheim  

I 2021 vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på korleis ein kunne jobbe med samskaping i Gloppen. Samskaping er i utgangspunktet ikkje noko nytt. Det har vore mange typar samarbeid mellom kommune, næringsliv, lag- og organisasjonar. Det som er nytt, er at vi på ein meir systematisk måte, etablerar ein praksis for korleis vi jobbar best med lokal utvikling. Ein viktig konklusjon frå arbeidsgruppa er at samskaping må utviklast over tid gjennom felles prosjekt, der ein får erfaring og prøver og feilar. Det finst ingen fasit eller oppskrift på samskaping.

Det skal vere ein openheit omkring samskapingsprosjekt som er under arbeid. Personar som ønskjer å delta i ulike prosjekt, er velkommen til å melde seg. Kommunen sin samfunnsdel har peika ut ei retning for Gloppen som lokalsamfunn i 2030, og samskaping vil vere ein god metodikk for å jobbe mot dette målet. Prosjekta må strekke seg etter å bidra til posisjonen «Ein rikare kvardag – midt i verda», og prosjekt som er etablert vert synleggjort på kommunen si heimeside - under dei tre kategoriane:

  • Rike og rause livsmiljø
  • Nyskapande lokalsamfunn
  • Klima og miljø