Oppsummering frå landsbysamlinga 2020

Fredag 7. februar var det landsbysamling på Gloppen hotell. Landsbyrådet vil takke alle dei 67 deltakarane for flott engasjement og aktiv deltaking under samlinga. Her var det mykje inspirasjon og idear å hente til korleis vi i fellesskap kan få til god sentrumsutvikling!

Vi hadde besøk av tre eksterne foredragshaldarar som alle bidrog med god kunnskap og erfaring. I tillegg var det sett av god tid til refleksjon og dialog etter kvart foredrag.

Fekk du ikkje med deg samlinga, så kan du sjå oppsummering og foredraga her.

Offentleg og privat samarbeid for utvikling av sentrum

Klikk for stort bileteJan Willy Føreland frå WSP hadde eit engasjerande foredrag med fokus på korleis få gjennomført og realisert den utviklinga ein planlegg og ønskjer i eit sentrumsområde. Han skildra ikkje dette som noko lett oppgåve, men med mange utfordringar som må løysast. Stikkord - komplisert eigedomsstruktur/mange grunneigarar, avhengig av heilskaplege løysingar på tvers av eksisterande eigedomsgrenser, mange ulike og sterke interesser, politiske interesser, følelsar og historie (går i generasjonar).

Men Jan Willy delte også gode erfaringar for korleis løyse desse utfordringane. Han oppmoda kommunen om å vere ein aktiv part i gjennomføringa med dei som skal realisere utbygginga. Teikne og rekne samtidig – sjå utbyggingspotensiale i forhold til kostnadsnivå. Sikre finansiering av infrastruktur samtidig med planprosessen. Kostnadsdeling gjennom utbyggingsavtaler. 
Jan Willy marknadsførte «Kaffikopp-metoden». Reis heim på kaffibesøk til kvar enkelt grunneigar. «Kva er viktig for deg for at vi skal få til utvikling/samarbeid?» 

Viktige prinsipp for samarbeidet:

Spelereglane for samarbeid må vere definert i forkant. Sjå tomta i ein heilskap. Alle m2 er like viktig. Open og involverande reguleringsplanprosess. Planen må skape meirverdi for alle partar – dagens verdi er basis. Avtalen skal fordele meirverdi og kostnadar.

Klikk for stort bileteIllustrasjon frå foredraget til Jan Willy Føreland, WSPSjå foredraget til Jan Willy Føreland her (PDF, 2 MB)

Korleis ser vårt framtidige sentrum ut?

Klikk for stort biletePål Egeland frå Folksom har lang erfaring frå eigedomsbransjen. Han er oppteken av endra rammevilkår for varehandel i sentrum. Urbanisering med nye krav til berekraftig utvikling, infrastruktur med offentleg kommunikasjon, fortetting i sentrum, dei unge sitt miljøperspektiv påverkar forbruksvaner.

Det å utvikle eit bydelsentrum i dag handlar mykje om folk. Eit bysentrum må ha identitet, opplevingar og inspirasjon. Eit fellesbygg i sentrum skal bidra til at folk trivast der.

Tenk gjennom desse punkta før du går i gang med eit prosjekt:

  1. Atmosfære – kva skal du føle når du er der 
  2. Kulturmiks – kva skal det innehalde og for kven
  3. Formatet - arkitekturen

Klikk for stort bileteIllustrasjon frå foredraget til Pål Egeland, Folksom AS

Kjøpesentra slit og kjem til å gjere det framover.  Nye trendar å merke seg (husk identitet, oppleving og inspirasjon!):

  • Unike handtverkarar der eigaren sin produksjon er synleg for publikum. 
  • Unike butikkar med fleire funksjonar – varer, frisør, kaffe- og vinbar 
  • Butikkar med mykje mindre arealbehov enn tidligare. 
  • Folk som er villig til å by på seg sjølv – tiltrekker seg folk - skaper levende landsbyområder

Nokre konkrete tips frå Pål til Sandane:

  • Lag eit tettare urbant område. Opplevde butikkane sprett. 
  • Kommunen må vere tydeleg på kven ein ønskjer bustader for (aldersvennleg stadutvikling – fleirbruk). Barnefamiliar på bakkeplan i sentrum. 
  • Torghandel er utfordrande å få til – må vere bygg der. 
  • Små funksjonelle bygg som fyller kulturallmenningen – lag det intimt.

Oppsummering

  • Ein landsby treng ein storstove/grendahus i sentrum (kor er det folk møtes i dag?)
  • Tenk oppleving! 
  • Ta tak i dei naturgitte ressursane – skap ny næringsutvikling rundt. 
  • Ekte stader blir elska! La innbyggjarane skape sine eigne historier.

Saman skapar vi eit levande sentrum

Klikk for stort bileteSvein Sørnes er dagleg leiar i Landsbyforeningen i Randaberg «Den grønne landsbyen». Landsbyen har 11200 innbyggjarar, og har eit landsbysentrum.

Sjølv om Randaberg er noko større enn fjordlandsbyen Sandane, så var der mykje likheitstrekk og inspirasjon å hente i foredraget til Svein. Landsbyforeningen i Randaberg er eigd 2/3 næringsliv og 1/3 kommune. 

 

 

Landsbyen 

Du skal merke på atmosfæren at du er i ein landsby. Fellesnemnaren i livskraftige lokalsamfunn er eldsjeler med glød og entusiasme. Du finn desse eldsjelene i alle bedrifter, i kommunen, blant kulturaktørar. Gje desse positiv tilbakemelding! Det er som bensin på ein motor, og gir motivasjon og drivkraft til utvikling.

Kommune, næringsliv, kulturliv og frivilligheit må spele på lag og vise omverda at samhald og samarbeid er berebjelkane for landsbyutvikling. 

Randaberg har hatt fokus på butikkane i sentrum. Det å skape det unike og gje kunden ei god oppleving. Innbyggjar eller turist – alle kundar like viktig! Servicekurs for alle butikk- og kafetilsette. Dei som jobbar i desse næringane er svært avgjerande for korleis kunden opplever staden, og om dei vil komme igjen. Jobba med felles profilering «Ekte trivsel å handle i Randaberg». Viser smakebit av haustens trendar frå butikkane. Framstå unik. På same måte med serveringsstadane. 

Klikk for stort bileteFrå foredraget til Svein Sørnes, Landsbyforeningen i Randaberg
Planer for Randaberg framover er å aktivisere torget som ligg framfor Landsbyhuset. Godt samarbeid med lokale bønder. Gå saman om eit andelslag. Utsal på torget frå mai til september på torsdag-laurdag.

Klikk for stort bileteIllustrasjon frå foredraget til Svein Sørnes, Landsbyforeningen i Randaberg

Kva no?

Føremålet med samlinga var å gje kunnskap og inspirasjon til utvikling av fjordlandsbyen Sandane.

Etter kvar foredrag vart det jobba aktivt rundt borda, og vi fekk mange innspel frå dei som deltok på samlinga. Denne lista blir til nytte for landsbyrådet sitt vidare arbeid, og det er viktig at alle forslag får ein avklaring på kven som tek ulike forslag vidare.