Landsbylaurdagar ein gong i månaden - 2019

Ein gong i månaden er det Landsbylaurdag på Sandane.  
Dette er ein møteplass der lag og organisasjonar, kulturaktørar  og næringsliv i fellesskap bidreg til eit meir levande sentrum.

Det er Landsbyrådet som står bak ideen, og målet er å skape eit hyggelig og inkluderande treffpunkt med ulike aktivitetar/tema gjennom året.  Vi vil at Sandane skal vere eit trivelig sentrum der alle innbyggjarane og besøkande føler seg velkomne. 

Saman skapar vi ein rikare kvardag  - midt i verda!

Klikk for stort bilete
Tiltaket skal vere lavterskel, med mål om å få til litt aktivitet i sentrum desse laurdagane. Det kan vere båtar/kajakkar på fjorden, fotball på Heradsplassen, sykkelstafett, loppemarked, korsong, dans, og andre aktivitetstilbod frå ulike grupper. Aktivitetane prøvar vi å samle på/rundt Heradsplassen mellom kl 12 – 14.

Så har du ein god ide eller ønskjer å delta – så hører vi gjerne frå deg! Ta kontakt med Birte Fossheim på kommunen som koordinerer arrangementa på mob 92 47 72 48 eller epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no.

Oversikt over dei planlagde laurdagane for 2019: 

9. februar    Kjærleikslaurdag -  Vi bryr oss og tør vise det!
16. mars    Vinterleik og «Øse-fære»  
13. april    Påskeverkstad og sykkel-vårpuss
25. mai    Båt, fjord og lopper
15. juni    Musikk-laurdag—musikken i sentrum 
13. juli    Country-laurdag  - iihaa
15-18. august    Landsbyfest og Sandanedagane
7. september    Musikkfest og politikk
28. september    Matamål og mat i fokus
19. oktober    Fest for fellesskapet
30. november    Julelaurdag - vi tenner julegran