Ein gong i månaden er det landsbylaurdag på Sandane. 

Her melder lag- og organisasjonar seg på med underhaldning, aktivitetar eller stand. Dette er ein fin arena for å marknadsføre din organisasjon, og kan rekruttere nye medlemmar til laget ditt. 
 

Fredag 7. februar blir det landsbysamling! 

Landsbyrådet inviterer til kunnskaps- og inspirasjonssamling  for å få idear og engasjement til korleis vi skal utvikle fjordlandsbyen Sandane framover.

Landsbyrådet har bestemt landsbydatoane for 2020 - sjå oversikta under.

Detaljar for kva som skjer dei ulike laurdagane kjem når datoane nærmar seg. Føl oss gjerne på Facebook (Gloppen kommune)

Ein gong i månaden er det Landsbylaurdag på Sandane.  
Dette er ein møteplass der lag og organisasjonar, kulturaktørar  og næringsliv i fellesskap bidreg til eit meir levande sentrum.

Det er Landsbyrådet som står bak ideen, og målet er å skape eit hyggelig og inkluderande treffpunkt med ulike aktivitetar/tema gjennom året.  Vi vil at Sandane skal vere eit trivelig sentrum der alle innbyggjarane og besøkande føler seg velkomne. 

Saman skapar vi ein rikare kvardag  - midt i verda!

Kunnskapsbygging, inspirasjon og erfaringsdeling frå kva andre tettstader har gjort, er viktig for utvikling av Fjordlandsbyen Sandane. 

3. sept 2018 vart det arrangert samling for landsbyer i Stjørdal. Representantar frå Landsbyen Dokka, Ringebu, Randaberg, Flisa og Gloppen møtte. Distriktssenteret og Steinkjer kommune bidrog med faglege foredrag. 
 

Det å bli inspirert og lære av kva andre har gjort, er viktig for utvikling av fjorlandsbyen Sandane. I den samanheng inviterte vi Britt Åse Høyesveen frå landsbyen Ringebu til kommunestyremøte den 20. juni 2018.

Den 4. juni 2018 var det invitert til første møte i landsbyrådet. Føremålet var ei forventning- og rolleavklaring for arbeidet i landsbyrådet. Det som fleire representantar var oppteken av, var å skape ein «Vi-følelse» i heile kommunen for fjordlandsbyen. Fjordlandsbyen må spele på lag og løfte fram aktivitetar som skjer i grendene rundt om i kommunen.