Velkomen til Fjordlandsbyen Sandane

Gjennom Fjordlandsbyen Sandane jobbar vi som lokalsamfunn målretta og langsiktig med utvikling av kommunesenteret.

Gloppen er og skal vere ein attraktivt stad å bu og arbeide, flytte til og besøke. 

Vi legg vekt på at fjordlandsbyen skal vere eit hyggjeleg handelssenter med gode møteplassar der alle innbyggjarane i kommunen føler seg velkomen.

Vidare ønskjer vi at tettstaden vår skal vere kjent som ein attraktiv fjordlandsby for besøkande på grunn av vårt trivelege sentrum, varierte aktivitetstilbod og nære opplevingar som staden her tilbyr. 

Gloppen skal vere kjend for Ein rikare kvardag  - Midt i verda