Kartlegging universell utforming i Sandane sentrum 2018

Sommaren 2018 vart Sandane sentrum kartlagt med tanke på kor tilgjengeleg det er for menneske med nedsett funksjonsevne.

All relevant info frå denne kartlegginga er også  lagt inn på norgeskart.no - for å finne desse dataene gjer du følgande 
1.    Søk opp Sandane
2.    Velg «tilgjengeleghet» i menyen til venstre for «Sandane»
3.    Velg kva registreringar du vil sjå på, sjå bildet under.

Klikk for stort bilete

Det er to gjeldande rettleiarar som er nyttig for alle som er involvert i tiltak eller er butikkeigar i sentrum. Her finn ein krava som vert stilt til universell utforming som t.d. av ein HC-parkering, inngangsparti på eit bygg, stigningsforhold på veg m.m, dette er:

1.    Kartlegging av tilgjengelighet og universell utforming i tettstedsområder
2.    Kartlegging av tilgjengelighet og universell utforming i friluftsområder

Har du innspel eller spørmål – ta kontakt med Åslaug Haugset – rådgjevar i Gloppen kommune på epost:
aslaug.haugset@gloppen.kommune.no eller på mobil 91006182