Kommunal planstrategi

Sjå siste gjeldande planstrategi for Gloppen kommune for 2016-2020 

(Vedteken av kommunestyret 26. september 2016)

 

Planstrategi 2020-2024: Kommunestyret vedtok i oktober 2019 oppstart av arbeid og framdrift.
Målet er at denne strategien skal leggast på høyring i mars 2020, og vedtakast av kommunestyret før sommaren 2020

Planstrategien er et styringsdokument som prioriterer kva for planar kommunen skal utarbeide og behandle i inneværende kommunestyreperiode.  Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit hjelpemiddel for kommunen til å fastleggje vidare planarbeid. Kommunen har plikt til å utarbeide kommunal planstrategi minst ein gong kvar valperiode og vedta den seinast eit år etter kommunestyrets konstituering.

Målet med den kommunale planstrategien er å setje fokus på dei planoppgåvene kommunen bør starte opp eller vidareføre for å leggje til rette for ei positiv utvikling i kommunen. Ved behandlinga skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller om planen skal videreførast utan endringar.