Kommuneplan - samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringer, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Den bør innehalde ei beskriving og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen.

Kommuneplanens samfunnsdel skal vere grunnlag for sektorane sine planar og verksemder i kommunen. Den skal gje retningsliner for korleis kommunen sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i kommunale verksemder og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.

Kommuneplanens handlingsdel legg grunnlaget for kommunen sin prioritering av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver og konkretiserer tiltakene innan kommunens økonomiske rammer. (Plan- og bygningslova, § 11-2 og 11-3  )

Sjå gjeldande plan for Gloppen

 

Planprogram 

Alle kommuneplanar skal ha eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. - sjå planprogram for samfunnsdelen 2017-2030 her