Kommunalt planforum

Dette er kommunalt planforum:

Beate Kornberg (Rådgjevar samfunnsutvikling - Plan og utgreiing) Leiar
Birte Kjørvik Fossheim (Rådgjevar - Plan og utgreiing) Sekretær
Åslaug Haugset (Rådgjevar/folkehelsekoordinator – Plan og utgreiing)
Bjørn Aurlien (Avdelingsingeniør - Plan og byggesak/ Teknisk sektor)
Torbjørn Brandsæter ( Rådgjevar - Plan og byggesak / Teknisk sektor)
Knut Roger Nesdal (Næringssjef – Kultur og næring)
Jan Kjetil Øygard (Kultursjef – Kultur og næring)
Kjell Petter Solhaug (Teknisk sjef – Teknisk sektor)

Mandat for kommunalt planforum

  • Skal ha fokus på heilskap i overordna og sektorovergripande planarbeid.
  • Har ansvar for å praktisk planlegge og sette i gang gode planprosessar, og vere ei ressursgruppe for rådmann, sektorleiarar og politikarar i dette arbeidet.
  • Sørgje for framdrift i arbeidet med å følgje opp vedteken Planstrategi, og ha oversikt over vedtekne kommunale planar og tid for rullering. 
  •  Legge til rette for god medverknad frå innbyggarar, lag og organisasjonar, ulike brukargrupper og næringsliv. 
  •  Sørgje for at det vert teke tilstrekkeleg omsyn til helse, miljø og trivsel i overordna planlegging. 
  • Informasjon – i samarbeid med ansvarleg for kommunen si nettside halde innbyggarane orientert om planprosessane, og korleis dei kan medverke i arbeidet. 
  • Skal ha oversikt over og foreslå plansamarbeid med andre kommunar der det er tenleg.

Forankring

Plangruppa rapporterer til rådmannen si leiargruppe – framdrift, status i arbeidet, avvik, økonomi m.m.
Plan- og utviklingsarbeid – tema på rådmannen sitt leiarmøte minst ein gong i månaden. Leiar i plangruppa deltek.
Det skal etablerast eigne arbeidsgrupper med ansvar for den einskilde planprosess og planutarbeiding. Arbeidsgruppene rapporterer til kommunalt planforum.
Det er ønskjeleg at Utviklingslaga, Gloppen næringsorganisasjon og dei kommunale råda fungerer som referansegruppe i planarbeidet.