Kommunedirektøren sitt planforum

Dette er planforum:

Beate Kornberg (fagleiar for plan og utgreiing) leiar
Birte Kjørvik Fossheim (kultursjef) 
Åslaug Haugset (rådgjevar og folkehelsekoordinator i plan og utgreiing)
Bjørn Aurlien (avdelingsingeniør i plan og byggesak)
Torbjørn Brandsæter (kommunalsjef samfunn & berekraft)
Knut Roger Nesdal (næringssjef)
Anders Skipenes (kommunedirektør)
Kjell Petter Solhaug (tenesteleiar kommunalteknikk)
Gunhild Gimmestad (kommunalsjef helse og velferd)
Per Arne Strand (kommunalsjef oppvekst)
Geir Liavåg Strand (organisasjonssjef)
Trine Alme (landbrukssjef) - deltek i relevante saker

Mandat for kommunalt planforum

  • Skal ha fokus på heilskap i overordna og sektorovergripande planarbeid.
  • Har ansvar for å praktisk planlegge og sette i gang gode planprosessar, og vere ei ressursgruppe for kommunedirektør, sektorleiarar og politikarar i dette arbeidet.
  • Sørgje for framdrift i arbeidet med å følgje opp vedteken Planstrategi, og ha oversikt over vedtekne kommunale planar og tid for rullering. 
  •  Legge til rette for god medverknad frå innbyggarar, lag og organisasjonar, ulike brukargrupper og næringsliv. 
  •  Sørgje for at det vert teke tilstrekkeleg omsyn til helse, miljø og trivsel i overordna planlegging. 
  • Informasjon – i samarbeid med ansvarleg for kommunen si nettside halde innbyggarane orientert om planprosessane, og korleis dei kan medverke i arbeidet. 
  • Skal ha oversikt over og foreslå plansamarbeid med andre kommunar der det er tenleg.

Samarbeid med andre

Det skal etablerast eigne arbeidsgrupper med ansvar for den einskilde planprosess og planutarbeiding. Arbeidsgruppene rapporterer til kommunalt planforum.
Det er ønskjeleg at Utviklingslaga, Gloppen næringsorganisasjon og dei kommunale råda fungerer som referansegruppe i planarbeidet.