Valkort

Klikk for stort bilete

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten eller digitalt.

Valkortet blir laga på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har røysterett i.

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen.

Dersom du førehandsstemmer, kan du stemme i alle kommunar i landet. Stemma di blir då sendt til heimkommunen din. Siste frist for å førehandsstemme er fredag før valdagen. 

Du treng ikkje valkortet for å røyste - men du treng derimot å ha med legitimasjon. Valkortet sin viktigaste funksjon er å minne deg på at det er val, og at du har røysterett, samt informere om kvar du kan røyste.