Manntal

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ei kommune. For å kunne stemme må du stå i manntalet.

Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busett pr. 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.

Sjekk om du står i manntalet
Manntalet for Gloppen blir lagt ut til gjennomsyn frå ca midten av juli og fram til valet.

Du kan då sjekke om du står i manntalet i Gloppen på servicetorget i Gloppen kommune. Du kan også ringe Gloppen kommune, tlf 57 88 38 00 og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

Dersom du bor i utlandet
men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemmegjevinga utanriks.

Dersom du førehandsstemmer i Norge eller ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan valdagen!