Har eg stemmerett?

 

Stortings- og sametingsval: 

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge og som ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme ved stortingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune

 

Kommunestyre- og fylkestingsval:

Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge og som ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53.

Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge seinast 30. juni.

Øvrige utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert som busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune.