Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Måndag 9. september 2019 er det valdag i Norge. og ein har høve til å stemme både på kommunevalet for Gloppen og fylkestingsvalet for Vestland. 

Klikk for stort bilete

Viktig informasjon til velgarane:

Tidlegstemming 

Dette er eit tilbod til dei som ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære førehandsstemmeperioda eller på valdagen.

Vi opnar for å ta i mot tidlegstemmer frå 1. juli - 9. august. Dei som treng nytte seg av dette tilbodet må vende seg til servicetorget på heradshuset for å få avlegge stemme. I tidlegrøystinga kan du berre røyste på parti og ikkje på listekandidatar.

Førehandsstemming

Vi opnar for ordinær førehandsstemming ved servicetorget på heradshuset måndag 12. august, og røystesetlar med listekandidatar vert teke i bruk. Førehandsstemming er eit tilbod til alle, uavhengig av kva for kommune du er busett i.  På lik line som at Glopparar kan velge å førehandsstemme i andre kommunar dersom det passar best slik.

Servicetorget er ope til sine ordinære tider. I tillegg vil vi ha utvida opningstider følgande dagar: 16. august, 17. august, 18. august (under Sandanedagane), 29. august, 31. august, 5. september. Sjå opningstider i Gloppen og resten av landet på nettsida: valglokaler.no. (blir oppdatert av valgdirektoratet)

Hugs legitimasjon

Alle som vil stemme må ha med seg gyldig legitimasjon.

Meir informasjon?

Sjå samla valinformasjon frå Gloppen kommune her