Digitale valkort

I år får du ein SMS med lenke til valkortet ditt. Dermed har du valkortet på mobilen, og lett tilgjengelig.  

Dei fleste velgarane i Gloppen fekk valkortet sitt digitalt måndag 5. august. Dei som har reservert seg mot digital post, eller ikkje nytta seg av ID-porten på 18 månadar får sitt valkort på papir via brevpost. 

Du treng ikkje valkortet for å røyste - men du treng derimot å ha med legitimasjon. Valkortet sin viktigaste funksjon er å minne deg på at det er val, og at du har røysterett, samt informere om kvar du kan røyste.

Slik brukar du valkortet

Du får en SMS med ei lenke. Du åpnar denne lenka, og kjem til pålogging for ID-porten. Du loggar deg på ID-porten som du vanligvis gjer, og når du er pålogga får du opna valgkortet ditt. Du kan enten ta et bilde av det, eller logge deg på når du kjem til vallokalet for å avgje stemme. Dersom du tek bilde er det viktig at du får med strekkoda på valgkortet. Det er denne valgmedarbeidarane treng. 

Du treng ikkje ha valgkortet med deg for å stemme, men det kan spare deg for litt tid. Det viktigaste er at du hugsar legitimasjon.
Det er lurt å ha valgkortet klart før du kommer til urnen. 

Forsøk

Gloppen kommune deltek i et forsøk med elektronisk utsending av valkort. Det er Valgdirektoratet som har ansvar for forsøket. Totalt 18 kommunar rundt om i landet deltek i forsøket, og rundt 550 000 velgarar får valgkortet sitt digitalt. Målet er å teste ut nye måtar å sende valgkortet på, for å gjere det lettere for velgarane å bruke valkortet. I tillegg fører digitale valgkort til mindre bruk av papir og reduksjon av kostnadar. 

Klikk for stort bilete