Val 2019

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er måndag 9. september 2019.

 

 

I så fall finn du alle desse i valprotokollen (PDF, 10 MB).

Protokollen vart godkjent av valstyret i går, og valresultatet er no endeleg.

Det nye kommunestyret har sitt første møte onsdag 25. september.

Som vanleg vart Senterpartiet størst i Gloppen også ved årets val. Endeleg oppteljing viser at Senterpartiet fekk 48,7 % av røystene, og er inne med 13 medlemmer i kommunestyret. Dette er to fleire enn i dag.

Elles ser dei endelege tala slik ut:

  • Kristeleg Folkeparti 12,9 %, med 4 medlemmer (-3)
  • Arbeidarpartiet 11,5 %, med 3 medlemmer (+1)
  • Høgre 9,2 %, med 2 medlemmer (som i dag)
  • Miljøpartiet Dei Grøne 5,8 %, med 2 medlemmer (+1)
  • Sosialistisk Ventreparti 5,0 %, med 1 medlem (som i dag)
  • Samfunnsdemokratane 4,3 %, med 1 medlem (-1)
  • Venstre 2,6 %, med 1 medlem (som i dag).

Samanlikna med førebels oppgjer frå valnatta, betyr det at Venstre kom inn, medan Høgre berre fekk 2 medlemmer i kommunestyret.

Sjå kven som kom inn i kommunestyret! (PDF, 14 kB)

Frammøteprosenten var 71,2 %. Dette er det same som ved valet i 2015.

I dag torsdag 29. august har vi langope på servicetorget slik at dei som vil kan komme innom for å førehandsstemme til kommunestyre og fylkestingsvalet.

Vi er her til kl 18!

Hugs legitimasjon

Røysteseddel og valurne Fylkesting og kommunestyreval

I samband med kommunestyre og fylkestingsvalet vil Gloppen kommune gjennomføre instutisjonsval.

Røysteseddel og valurne Fylkesting og kommunestyreval

Er du sjuk eller ufør, og ikkje har høve til å kome deg til røystelokalet kan du be om å få stemme heime.

Frist for å søkje om heimerøysting er måndag 2. september 2019.

Ring til servicetorget 57 88 38 00, eller send epost til post@gloppen.kommune.no

 

I Gloppen er det 8 parti som stiller til kommunestyreval. Her har vi samla dei ulike partiprogramma dei stiller til val med. 

 

 

Valavlukke 2019

Under årets Sandanedagane vert det høve for alle som ynskjer det å førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsval.

Vi opnar for ordinær førehandsstemming ved servicetorget på heradshuset måndag 12. august, og røystesetlar med listekandidatar for kommune- og fylkestingsval vert teke i bruk.

Førehandsstemming er eit tilbod til alle, uavhengig av kva for kommune du er busett i.  På lik line som at Glopparar kan velge å førehandsstemme i andre kommunar dersom det passar best slik.

I år får du ein SMS med lenke til valkortet ditt. Dermed har du valkortet på mobilen, og lett tilgjengelig.  

Valurne og valavlukke

Måndag 9. september 2019 er det valdag i Norge. og ein har høve til å stemme både på kommunevalet for Gloppen og fylkestingsvalet for Vestland.