Førehandsstemme

Du kan førehandsstemme til årets val i frå og med 10 . august . I Gloppen kan du førehandsstemme ved servicetorget i opningstida i heile perioden.

Sjå kva reglar som gjeld om legitimasjon!

I perioden 1. juli og fram til den ordinære førehandsstemminga startar kan du også avgje såkalla tidlegstemme.

Opningstidene ved Servicetorget er:

- fram til 31. august, kl 08:00 – 15:00
- frå 1. september, kl 08:00 – 15:45. 

Kven kan førehandsstemme?

Kven som helst kan førehandsstemme, og du treng ikkje oppgje kvifor du vil førehandsstemme. 

I alle kommunar?

Du kan førehandsstemme i alle kommunane i heile landet. Du kan derfor stemme i ein annan kommune enn der du er manntalsført. Stemma blir då sendt med posten til den kommunen du høyrer heime i. Du er sjølv ansvarleg for å stemme i tide slik at stemma kjem fram til Gloppen kommune seinast i løpet av valdagen.

Viss du førehandsstemmer i ein kommune i eit anna fylke enn der du er manntalsført, kan du – viss du ikkje sjølv har skaffa deg ein stemmesetel frå heimfylket – berre stemme på parti/valalista, dvs. ein stemmesetel utan kandidatnamn. Kommunane får ikkje tilsendt vallister med kandidatnamn frå andre fylke.

Viss du førehandsstemmer i den kommunen som du er manntalsført i, er det dei vanlege stemmesetlane for fylket som blir brukt, dvs. med kandidatnamn, og du kan endre stemmesetelen etter dei reglar som gjeld.

Ordninga med å stemme i ein annan kommune gjelder berre førehandsstemmer. På sjølve valdagen må alle stemme i den kommunen dei er manntalsført. 

Utanriks

Førehandsstemming utanriks går føre seg ved norske utanriksstasjonar og ambassadar, opningstidene må du sjølv sjekke . Du kan også under visse omstende brevstemme. For meir informasjon om dette, sjå Valgforskriften (lovdata) korleis dette skal gjennomførast 

Stemme på institusjonar 

Siste veka før valet vil valmedarbeidarar frå kommunen vere på Gloppen omsorgssenter og på bufellesskapa på Sandane, i Breim og i Hyen for å ta imot førehandsstemmer frå dei som bur der (eller arbeider der) og som ønskjer å stemme.  Informasjon om tider finn du her

Stemme heime?

Dersom du ikkje har høve å komme deg til eit vallokale kan ein søkje om å få stemme heime, meir informasjon her

 

Ingen angrefrist 

Den som førehandsstemmer har gjort si endelege stemmegjeving. Det er ingen "angrefrist" for den som har førehandsstemt.

Vil du vite meir om valg - då er www.valg.no den beste kjelda til korrekt informasjon